Thursday, March 22, 2007

Delgjennomgang 22-03-07


2. delgjennomgang. Har gått ganske trått med arbeidet sidan vi kom tilbake fra Sveits for 2 veker sidan. Men fekk vist filmen "Vers une Ekeberg" som eg synes fungerer bra som ei noko poetisk tomteanalyse. I tillegg hadde eg plotta ut eit par situasjonsplaner og interiørplaner. Desse kom seg litt med fargestiftar og grafittering, men fekk likevel ein del tilbakemeldingar på at eg må lage ein terrengmodell for å finne ut korleis bygget treff tomta. Dette er spesielt viktig fordi tomta har tre essensielle høgdedrag på langs. Videre så må eg avklare meir omkring den lange gangen som går frå opphaldsrommet i herberget til soveromma. Treng den vere så lang og "monoton", treng den å vere der i det heile? Kan ein bevege seg utandørs? Kvifor er den slik den er beskreve no?

Vidare, og kanskje viktigast, var tilbakemeldingane eg fekk omkring inngang til kyrkja og herberget. Slik planen er no så kjem ein inn i aksen til kyrkja, frå sør til nord, medan inngangen til herberget er inne i gardsrommet. Dersom ein kjem frå nord og opp bakken nedanfor tomta så er det kanskje meir naturleg at inngangen til herberget, og kanskje kyrkja også, er frå nord? Kanskje kan inngangen vere i mellomromsgangen mellom herberg og kyrkje, og dermed serve begge einingane i bygget? Eg er litt usikker på korleis dette skal utvikle seg vidare, eg var eigentleg ganske nøgd med dei to diametralt forskjellige inngangane, men eg må lage fleire opppslag. Og ikkje minst, ta livet av eit par darlings ...

No comments: