Friday, July 30, 2010

Å vakne

i eit lafta hus frå tjuetalet. Som er mor di sitt hus. Men ho er ikkje heime. Det er berre du i heile huset. Og du ligg på loftet. I ei dobbeltseng med to dyner. Åleine.

Og det er så varmt. Og du er så tørst. Og du reiser deg opp. Og du er naken. Og du opnar loftsvindauget. Og legg deg igjen.

På hylla over senga står glaset med vatn du sette fram til deg sjølv. Og så tenkjer du på den setninga frå The National sin sang You've Done It Again, Virginia: "A tall cool drink of water is all you ever wanted to be." Eller noko slikt. Og så drikk du. Og somnar igjen.

Rogne

Tuesday, July 27, 2010

Takk

no går det bedre. Ein god del bedre. Kaffien er i koppen og søstern drit i det. Topp stemning. Topp less. Topless. Neida.

Eller jau, kanskje er det nokre få viktige ting igjen. Bibliotek. Familie. Håp. Kjærleik. Kaffi. Øks. Hav. Sveitte.

Og nokon som høyrer på bråket. Som kan seie "nei, det vil eg ikkje."

Friday, July 23, 2010

På Ålesund Bibliotek

gir dei det vekk heilt gratis. Alt du treng. Heilt gratis.


Men kaffien. Fy faen.

Thursday, July 22, 2010

Tuesday, July 20, 2010

Oslo

i regnet. Og eg vaknar av at det regnar her og. Kva faen er det med alt dette regnet, som når eg treng det som mest berre bankar på ruta når eg søv. Vekkjer meg. Og så forstår eg jo alt. Eg må reise. Eg må heim. Eg har plass i bilen, det er ikkje det.

Og denne heimen her kan godt stå open litt til, om det er fleire som treng husrom. Men faen heller, eg er ikkje Havstein.