Showing posts with label inspirasjon. Show all posts
Showing posts with label inspirasjon. Show all posts

Sunday, April 29, 2007

Container Architecture


LOT-EK are among the best of the small crew of architects working with shipping containers, which are rarely seen in the urban context. However it is coming to Chinatown in NYC as they build this 19 storey artists loft building with a commercial base. The developer Mr. Woo of Young Woo & Associates said that he had become very interested in plans developed by Lot-ek (which stands for "low-tech") employing large metal shipping containers. He said he considered their use in residential construction "fascinating" and "environmentally friendly."...

From Trehugger

Monday, March 26, 2007

Liten mandagsforelesning med Sami Rintala


Starta uka med ei lita forelesning med den finske arkitekten Sami Rintala som for tida underviser på AHO. Han jobbar mykje med enkle og minimale byggeprosjekter, og eit av de mest kjente er Hotel Kirkenes som han m.a. blei nominert til Forum Aid-prisen for i 2007. Bygget skal angivelig vere verdens minste hotell, på berre 20 m2 og med 2 soverom. Grunnflata er 2,5 x 6 m og det drives i dag av Via-gruppa. Bakgrunnen for utforminga var at når ein er på hotell i Kirkenes får ein følelsen av at ein kunne ha vore kvar som helst i verda. Rintala ville ta tak i dette ved å lage eit bygg som til dei grader forholder seg til omgivelsane og utsikta. Total byggekostnad var kr 60 000,- og det blei reist på ti dager. Arkitekten var med på heile byggeprosessen, og Rintala legg stor vekt på deltaking frå arkitektens side. Han meiner at ein då lærer bygget bedre å kjenne, og ein lærer også meir om materialer og korleis dei oppfører seg i praksis. Rintala ser derfor framleis på seg sjølv som ein arkitektstudent innanfor enkelte felt.

Då Rintala vart uteksaminert i Finland i 1999 jobba han eit par år som tradisjonell arkitekt før han "gjekk lei" og gjekk over til ei meir kunstnarleg tilnærming. Han fekk då bygge meir midlertidige bygg, og som Magne Magler Wiggen har snakka om tidlegare får ein då anledning til å lage meir utradisjonelle bygg og ting som ein har meir sansen for sjølv. Rintala oppsummerer dette med setninga: "Do what you like so that you can defend it."

Thursday, March 15, 2007

Studio Granda Architects

Var på ei veldig inspirerande gjesteforelesning i dag, med den britiske arkitekten Steve Christer som driver kontoret Studio Granda Architects på Island saman med Margrét Hardardóttir. Dei fokuserte mykje på plassering i det islandske landskapet, i tillegg til det enkle men avgjeranda aspektet om å vinne konkurransar på offentlig anbod rett og slett ved å vere billigast.

Fleire av boligprosjekta han presenterte var veldig flotte og meir info er på nettsida deira.

Monday, February 19, 2007

Wednesday, February 14, 2007