Thursday, January 07, 2010

"det är nu det börjar"

 


Eg har tenkt litt over det, i alle fall no dei siste tre dagane, etter at eg byrja; at eg treng eit festepunkt. Ein liten stein dreggen kan kile seg bak for å hindre at båten driv av. Nokon å følge med på. Noko som kan halde meg nokonlunde på rett veg. Og kanskje skal det bli på denne staden her, og ikkje i den grøne notatboka som eg ikkje les tilbake i uansett.

Så slik er stoda; semesteret har begynt. Det skjer ikkje så mykje framover no utover det eg gjer det til sjølv. Det blir ingen forelesninger. Ingen ekskursjonar. Med mindre eg legg opp til det sjølv. Så får eg sjå kva eg gjer ut av det.

Tanken er i alle fall å snakke meir med folk som har gått på kunstskule a la den som kjem i Kragerø. Finn ut kva det "går i". Korleis er ein dag på kunstskule. Mykje av det kan eg jo sikkert tenkje meg til sjølv, men research kan ein ikkje ta lett på.

Veit ikkje om eg skal skrive så mykje om den daglige donten her på gringoarkitektur (eit halvabsurd namn å forholde seg til, no fleire år etter at den blei stifta), men kanskje heller bruke det som ein slags diskusjonspartner for å få fram det som kvernar i bakhovudet med tanke på oppgåva og det siste semesteret her på AHO. Så kan eg heller slette innlegga etterkvart som eg skriv dei, om det skulle bli behov for det. For det er ikkje for eventuelle lesarar eg skriv dette, eigentleg så vil eg ikkje at nokon skal lese det. Så derfor blir det jo litt ironisk å skrive dette på nettet. Men det er noko med det å skrive det "høgt", at nokon kan lese det. For då blir eg halde til ansvar for mine eigne tankar og planer framover, og då må eg jo gjere det, ikkje sant?

Men ambivalensen grip om seg, som både du og eg forstår. I alle fall sidan det er meg sjølv eg skriv dette til.
Posted by Picasa