Thursday, October 29, 2009

Monday, October 26, 2009

men hva dersom bygningen som skal transformeres ikke har noen verdi i seg selv?

Thursday, October 15, 2009

Wednesday, October 14, 2009

Tuesday, June 02, 2009

Thursday, April 23, 2009

Friday, March 06, 2009

Friday, January 23, 2009

I have built a tree house



I have built a tree house
I have built a tree house
Nobody can see us
'Cause it's a you-and-me house

Wednesday, January 21, 2009

Det er då ein kan sjå ut

Så det er dette som er vinduskarmen. Den som skal vere så viktig. Dette skillet mellom ute og inne? Herregud, for eit uttrykk. Eit ”skille mellom ute og inne”.

Kan de ikkje berre skru av denne repeterande musikken, som liksom skal vere så innovativ og grensesprengjande. Skru gjerne av lyset i same slengen. Så kan me sitje i fred.

For det er når det er mørkare inne enn ute; det er då ein kan sjå ut.

Det er då ein kan sjå ut.

teikning

 
Posted by Picasa

"Tenke" arkitektur

Love comes to me. Og eg lovar å ikkje bruke dei tre punktuma i denne teksten. Denne skal vere skikkeleg. Den skal ikkje vere tilbakehalden. Ikkje skal den utbroderast i lange setningar.

Kristine har lagt seg og eg sit oppe og drikk vin. Føtene er kalde, grunna det evinnelege kaldraset frå vindauga. Kameraa eg har gjort avtale om å selgje ligg på pulten. I morgon skal dei vekk.

Kva ville eigentleg Sverre Fehn gjort i kveld. Ville han ha tatt fram teikneblokka, eller er den forbeholdt edrue dagar under Marokko si sol? Er mi påtatte kreative haldning til arkitekturen påverka av raudvin? Og i kor stor grad, kan ein spørje seg. Tør eg spørje meg sjølv om kor mykje av tankeverksemda kring arkitektur som held ein viss alkholprosent?

Nei, eg gjer ikkje det.

Men eg veit dette, og det er det at tankane kan vere så gode dei berre vil. Dersom ein ikkje klarer å omsetje dei til reell aktivitet har det fint lite for seg. Forutsett at ein ikkje er på Bygg3, så klart.

Derfor har ikkje kreativitet innan arkitekturen noko med raudvin å gjere. Kanskje for ei lita skisse som ein kan prøve å tolke det beste ut av dagen etter. Men ein kan ikkje lage arkitektur i påverka tilstand. Ikkje eg. Ikkje arkitektur med kvalitet. Og det er jo det eg vil. Det er jo det eg vil gjere. Lage god arkitektur. Lage gode rom. Rom som folk kan sjå på, gå inn i, og seie ting som: Han Gunnar er ein bra arkitekt. Men eg gjer det ikkje for anerkjennelsens skuld. Eg gjer det fordi eg vil få det til. For min eigen del. Og kanskje litt for far min, som rista på hovudet over alle tomatskalkane eg heiv i bosset på Løvenvold.

Namnet er det same, men holdninga bør vere betre. Den bør det.