Showing posts with label kyrkje. Show all posts
Showing posts with label kyrkje. Show all posts

Thursday, March 22, 2007

Delgjennomgang 22-03-07


2. delgjennomgang. Har gått ganske trått med arbeidet sidan vi kom tilbake fra Sveits for 2 veker sidan. Men fekk vist filmen "Vers une Ekeberg" som eg synes fungerer bra som ei noko poetisk tomteanalyse. I tillegg hadde eg plotta ut eit par situasjonsplaner og interiørplaner. Desse kom seg litt med fargestiftar og grafittering, men fekk likevel ein del tilbakemeldingar på at eg må lage ein terrengmodell for å finne ut korleis bygget treff tomta. Dette er spesielt viktig fordi tomta har tre essensielle høgdedrag på langs. Videre så må eg avklare meir omkring den lange gangen som går frå opphaldsrommet i herberget til soveromma. Treng den vere så lang og "monoton", treng den å vere der i det heile? Kan ein bevege seg utandørs? Kvifor er den slik den er beskreve no?

Vidare, og kanskje viktigast, var tilbakemeldingane eg fekk omkring inngang til kyrkja og herberget. Slik planen er no så kjem ein inn i aksen til kyrkja, frå sør til nord, medan inngangen til herberget er inne i gardsrommet. Dersom ein kjem frå nord og opp bakken nedanfor tomta så er det kanskje meir naturleg at inngangen til herberget, og kanskje kyrkja også, er frå nord? Kanskje kan inngangen vere i mellomromsgangen mellom herberg og kyrkje, og dermed serve begge einingane i bygget? Eg er litt usikker på korleis dette skal utvikle seg vidare, eg var eigentleg ganske nøgd med dei to diametralt forskjellige inngangane, men eg må lage fleire opppslag. Og ikkje minst, ta livet av eit par darlings ...

Vers une Ekeberg



Var lei av å tegne planer og tradisjonelle tomteanalyser, så eg tok med meg kamera og Sigur Ros og prøvde å finne ut meir om korleis ein opplever det å vere pilegrim i Oslo, og korleis ein opplever det å komme til tomta.

Friday, February 16, 2007

situasjonsskisser




liker egentlig ikkje å skisse situasjoner og gjøre landskapsstudier i 3D, men etter to glas vin så fekk man jo litt ut av det ...

Saturday, January 27, 2007

Let's get religious!



Da er skolen endelig i gang igjen, og vårens semester leda av Einar / Aina Dahle har tittelen "Pilegrimskirke" ... og går kort sagt ut på å prosjektere ei pilegrimskyrkje for dei som vandrar pilegrimsleden til Nidarosdomen.

Skal prøve å dokumentere prosessen så godt som mulig, mest for min egen del, men også for mine arkitekturinteresserte venner...

Så langt har vi fått i oppgave å analysere ei moderne kyrkje, og unge Rogne har valgt seg ut Mortensrud av Jensen og Skodvin Arkitekter, kjend m.a. for DogA Norske Design og Arkitektursenter og Mariaklosteret på Tautra. Og som et ledd i analysen skal vi teikne av planane på gamlemåten, med penn, papir og linjal ... skikkelig old-school. Men det har ein del kvalitetar i seg som ein ikkje får med dataskjermen, og distansen til det sanselige i faget blir kortere. For ikkje å snakke om det nesten kontemplative med det å sitje med nasen 10 cm fra arket og konsentrere seg om tidels millimeter...

Har forøvrig endra språket i bloggen til norsk, rett og slett fordi det er ein blogg mest for å dokumentere prosessen for min eigen del, og ikkje som ei engelskoppgåve.