Saturday, October 16, 2010

DET REGNER

Ein kan ikkje la vere å kommentere det. Samtalen heldt på å gå i stå eller bli litt ubehageleg, og så er det nokon som ser ut, ser dropane på ruta og at det har skya over. "Det regner." Og så må alle sjå på regnet, letta over at dette har skjedd.

Eg skal ikkje påstå at dette er regnets eigentlege eller fremste funksjon, men den er der. Den augneblinken alt stilnar og ein kan høyre suset og raslinga, ein gløymer kva ein snakka om, og kjem kanskje på at no kunne det smake med eit glas vin.

Det er er i slike stunder det er vanskeleg å avvise tankane på kva regnet betyr, og kva det har gjort med ein sidan ein første gong skjønte at det fanst. Og det er sjølvsagt ikkje tanken på styrtregn eller på endelause månader med vestlandsregn, stundom heile haustar og vintrar då det ikkje finst noko håp utanom det som finst i bøker og musikk.

Ein tenkjer i staden på stille sommarkvelder, ein kjem syklande, det er små bjørkeskoger og ein innsjø med små hus rundt. Brått kjenner ein dropane, men det gjer ikkje noko, for ein veit at snart er ein i hus, det finst varme bad og tørre klede. Det er eit regn ein har lese om i bøker, i gløymde og slitne diktsamlingar, og ein tenkjer seg alltid at dette har Ray Bradbury skrive om, det er minne frå den tid ein las alt av Ray Bradbury, og ein får lyst å lese om det på ny.

Det er først og fremst det regnet som kjem nøyaktig til rett tid, utan at ein tenkjer på at det skal vere til nytte for nokon, at jorda treng dette, at ting skal vekse. Eller motsett, at no blir ikkje høyet tørt, no må ein ta inn klesvasken, no ryk fjellturen i morgon.

Det er regnet som bryt inn, som har stått ei stund utanfor og lytta, i ein gammal frakk, og no er det der, som ein gammal kjenning, og alt løyser seg opp.

Ein finn fram vinflaska og glasa og tenkjer på at det skal bli fint å sovne inn til denne lyden, og når morgonen kjem, er det ikkje der lenger, berre sol og raslinga i ospelauvet, og alt luktar nytt.

Nokon må berre seie "Det regner", og alle må bort og sjå.

Eller det motsette. Det har regna i lang tid, ein hugsar knapt noko anna, ein slit seg fram gjennom dagane, tenkjer at no må ein bort frå dette, ein pakkar og neste dag skal ein setje seg i bilen. Så er det nokon som ser ut og seier: "Det har slutta å renge."

Og ein vaknar som etter ein lang søvn og tenkjer at alt verkeleg er muleg.

1 comment:

Anonymous said...
This comment has been removed by a blog administrator.