Wednesday, January 21, 2009

"Tenke" arkitektur

Love comes to me. Og eg lovar å ikkje bruke dei tre punktuma i denne teksten. Denne skal vere skikkeleg. Den skal ikkje vere tilbakehalden. Ikkje skal den utbroderast i lange setningar.

Kristine har lagt seg og eg sit oppe og drikk vin. Føtene er kalde, grunna det evinnelege kaldraset frå vindauga. Kameraa eg har gjort avtale om å selgje ligg på pulten. I morgon skal dei vekk.

Kva ville eigentleg Sverre Fehn gjort i kveld. Ville han ha tatt fram teikneblokka, eller er den forbeholdt edrue dagar under Marokko si sol? Er mi påtatte kreative haldning til arkitekturen påverka av raudvin? Og i kor stor grad, kan ein spørje seg. Tør eg spørje meg sjølv om kor mykje av tankeverksemda kring arkitektur som held ein viss alkholprosent?

Nei, eg gjer ikkje det.

Men eg veit dette, og det er det at tankane kan vere så gode dei berre vil. Dersom ein ikkje klarer å omsetje dei til reell aktivitet har det fint lite for seg. Forutsett at ein ikkje er på Bygg3, så klart.

Derfor har ikkje kreativitet innan arkitekturen noko med raudvin å gjere. Kanskje for ei lita skisse som ein kan prøve å tolke det beste ut av dagen etter. Men ein kan ikkje lage arkitektur i påverka tilstand. Ikkje eg. Ikkje arkitektur med kvalitet. Og det er jo det eg vil. Det er jo det eg vil gjere. Lage god arkitektur. Lage gode rom. Rom som folk kan sjå på, gå inn i, og seie ting som: Han Gunnar er ein bra arkitekt. Men eg gjer det ikkje for anerkjennelsens skuld. Eg gjer det fordi eg vil få det til. For min eigen del. Og kanskje litt for far min, som rista på hovudet over alle tomatskalkane eg heiv i bosset på Løvenvold.

Namnet er det same, men holdninga bør vere betre. Den bør det.

No comments: