Klokka nærmar seg halv sju. For andre natt på rad har eg vakna, temmeleg nøyaktig klokka fem, sjølv om eg berre har sove eit par timar. Ute er det så klart framleis mørkt. Den første lyden eg kan skjelne, før eg vaknar heilt, er dumpet i det tralla til avisbudet blir trilla over fortauskanten i krysset Casparis gate / Waldemar Thranes gate. Rundt klokka fem er det nesten ingen bilar som køyrer i Waldemar Thranes gate. Men så etterkvart som eg ligg der og vrir meg, alltid medsols, eg snur meg alltid den same veien, det har eg alltid gjort, så kjem det fleire bilar og fleire lydar. Etter ei stund reiser eg meg opp i senga og blir sitjande å sjå ut vindauget. Fleire og fleire bilar. Eit og anna menneskje som krekar seg på jobb, og så klart 33 og 21-bussen, austover. Det er alltid dei første bussane som byrjar å gå, bussane austover. Og dei første bussane er aldri fulle, det er som regel berre rundt ti stykker på kvar buss. I det vesle sekundet eg ser bussen passere forbi senga mi kan eg så vidt skjelne menneskja om bord. Dei har mørke klede.